Skrive for Mål og Makt?

Kanskje har du gått og tenkt på noko i lengre tid, kanskje har du pønska ut noko du trur kunne bli ei god tekst? Kanskje er det om norsk folkemusikk, verdslitteratur eller filosofi? Kanskje er det om samfunn, politikk eller religion? Eller er det berre ei bok eller eit teaterstykke du har lyst å melde? Viss det kan relaterast til målsak og nynorsk må du iallfall ta kontakt!

Mål og Makt er alltid på jakt etter gode skribentar med noko på hjartet. Om du har ei ferdig tekst eller berre ein idé tek vi gjerne i mot. Alle tekster som kjem inn til Mål og Makt vert gjennomgått av redaksjonen, og alle skribentar får grundig attendemelding med sikte på å gjere teksta best mogleg. Om du er ny eller gamal skribent gjev dette tryggleik. Det tydar òg at teksta di ikkje treng å vere perfekt for ho kjem til oss. Du får alltid ein sjanse til å forbetre ho!

Det er ingen spesielle krav til deg som person for å få skriva, men sjølve teksten må vera trykt på nynorsk.

Høyrast dette ut som noko for deg? Send inn teksta di til malogmakt@malogmakt.no då vel!