Lov

Vedteken på årsmøtet i Studentmållaget i Oslo 14. februar 2010.

Føremål

  1. Tidsskriftet Mål og Makt skal trykkja artiklar om målsak og nynorsk, og om andre kultur- og ålmenpolitiske spørsmål. Mål og Makt skal retta seg inn mot studentar og andre interesserte.

Skriftstyret

  1. Skriftstyret for Mål og Makt har minst 4 medlemer, som vert valde av års- eller halvårsmøtet i Studentmållaget i Oslo. Studentar skal til ei kvar tid vera representerte i skriftstyret.
  2. Mål og Makt skal koma ut med fire nummer i året.

Økonomi

  1. Styret skal føra rekneskap som vert ettersedd av årsmøtevalde ettersynsfolk, og framlagd saman med årsmelding på årsmøtet i Studentmållaget i Oslo.
  2. Dersom Mål og Makt vert lagt ned, skal eiga gå til Studentmållaget i Oslo.

Lovendringar

  1. Endringar i denne lova kan berre gjerast på års- eller halvårsmøte i Studentmållaget i Oslo. Minst ⅔ av møtelyden må røysta for endringsframlegget dersom det skal gå gjennom.